Bilde av signeringen av ny avtale om EØS-midler
Utanriksminister Espen Barth Eide og Ungarns finansminister András Kármán undertegner avtalen. Foto: Thea Nathalie Finstad/UD

Avtalen vart underteikna i samband med besøket utanriksministeren hadde i Budapest 26. oktober. Island og Liechtenstein underteikna òg avtalen.

– Eg er glad for at vi har signert ein ny avtale om EØS-midlar med Ungarn. Denne avtalen gir nye og spennande moglegheiter for samarbeid mellom dei to landa våre. I ei uroleg tid prega av press på demokratiske verdiar og prinsipp er det gledeleg at vi no kan bidra til å styrkje og fremje demokrati, rettsstat og menneskerettar i Ungarn. Eit sterkare og meir demokratisk Europa er òg i Noregs interesse, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Gjennom midlane skal Noreg mellom anna samarbeide med Ungarn for å byggje opp att og styrkje demokratiske institusjonar, rettsstaten og godt styresett. Dette omfattar samarbeid om mediefridom og informasjonsintegritet.

Under besøket i Budapest har utanriksminister Eide samtalar med statsminister Péter Magyar, utanriksminister Anita Orbán og finansminister András Kármán.

Skal bidra til å redusere forskjellar i Europa

EØS-midlane er Noregs bidrag til å redusere sosiale og økonomiske forskjellar i Europa og styrkje Noregs samarbeid med mottakarlanda.

15 land er kvalifiserte til å få EØS-midlar. Med underteikninga med Ungarn i dag er det inngått avtalar med alle dei 15 mottakarlanda for inneverande periode.

– Avtalen opnar eit nytt kapittel i forholdet mellom dei to landa våre. Midlane vil kome befolkninga i Ungarn til gode og støtte opp under reformene til Magyar-regjeringa for å gjenopprette demokratiet, seier Eide.

Om avtalen

  • 254,1 millionar euro er sette av til samarbeid med Ungarn gjennom EØS-midlane for perioden 2021–28.
  • Perioden varer formelt til 2028, med høve til utbetalingar til og med april 2031.
  • Noreg dekkjer rundt 97 prosent av beløpet, medan Island og Liechtenstein finansierer resten.
  • Eit eige program skal styrkje eit fritt og uavhengig sivilsamfunn, slik at organisasjonane kan spele ei aktiv rolle i å utvikle demokratiet og samfunnet i Ungarn. Støtta blir forvalta uavhengig av ungarske styresmakter.
  • Eit anna område er grøn omstilling, der samarbeidet skal bidra til ei meir diversifisert energiforsyning og overgangen til rein energi.
  • Seks norske fagetatar er involverte som partnarar i gjennomføringa av programma.

For perioden 2021 til 2028 skal Noreg saman med Island og Liechtenstein bidra med 3,268 milliardar euro til 15 av dei mindre velståande medlemslanda i EU.

Prioriterte område er:

  • Grøn omstilling
  • Demokrati, rettsstatsprinsipp og menneskerettar
  • Sosial inkludering og samfunnsmessig robustheit

183 millionar euro av totalbeløpet er øyremerkte tiltak i mottakarlanda for å bidra til å handtere konsekvensane av Russlands krigføring i Ukraina.

I tillegg er drygt 300 millionar euro av totalbeløpet øyremerkte eit fond som skal støtte organisasjonar som jobbar med menneskerettar, demokrati og rettsstat i Europa.

Følgjande land er kvalifiserte til å få EØS-midlar denne perioden:

Land

Beløp i millionar euro

Polen

924,9

Romania

596,3

Bulgaria

260

Ungarn

254,1

Tsjekkia

225,2

Hellas

159,3

Kroatia

133,1

Slovakia

130,7

Portugal

126,3

Litauen

117,9

Latvia

109,5

Estland

71,8

Slovenia

50

Kypros

17,6

Malta

11,2