Opninga av FN si 81. generalforsamling (UNGA) blir markert med høgnivåveka frå tysdag 22. september til måndag 29. september, der stats- og regjeringssjefar frå heile verda samlast i New York. Under høgnivåveka finn det stad ei rekkje topp- og høgnivåmøte om sentrale globale politiske spørsmål og utfordringar.

På årets møteplan står mellom anna eit høgnivåmøte onsdag 23. september for å markere at FNs erklæring om retten til utvikling er 40 år. Høgnivåmøter om havnivåstiging, førebygging av pandemiar og 25-årsjubileet for vedtakinga av Durban-erklæringa finn stad torsdag 24. september, fredag 25. september og måndag 28. september. Vidare markerer ein FNs berekraftsmål med eit eige arrangement fredag 18. september.

Frå Noreg deltek statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Espen Barth Eide, utviklingsminister Åsmund Aukrust og klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Tilreisande medium bør snarast, og innan torsdag 27. august, ta kontakt med den norske FN-delegasjonen for akkreditering (e-post).

Høgnivåmøta vert sende direkte på nettsidene til FN, og media kan få tilgang til foto og video. Sjå meir informasjon på FN si nettside Media Accreditation & Liaison Unit.

Pressekontaktar

Statsministeren: Anne Kristin Hjukse, anne-kristin.hjukse@smk.dep.no, telefon: +47 99 21 46 10

Utanriksministeren: Tuva Bogsnes, tuva.bogsnes@mfa.no, telefon: +47 93 23 18 83

Utviklingsministeren: Cecilie Roang, cecilie.roang@mfa.no, telefon: + 47 92 62 81 03

Klima- og miljøministeren: Ragnhild Melbye, ragnhild.melbye@kld.dep.no, tlf: +47 45 12 51 56

FN-delegasjonen i New York: Karina Asbjørnsen, karina.asbjornsen@mfa.no, telefon: +1 347 723 0932