– Norsk helseteneste har gjort ein formidabel innsats med å behandle pasientar frå Ukraina. Samstundes som me hjelper Ukraina, får vårt helsepersonell verdifull klinisk erfaring innan blant anna behandling av krigsskadar, smittsame sjukdomar og rehabilitering. Det er viktig for norsk samfunnssikkerheit, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Noreg har sidan 2022 transportert over 2750 pasientar til Noreg og andre europeiske land. Onsdag denne veka transporterte Noreg 21 pasientar til europeiske land, fem av desse kom her til landet. Talet på evakuerte pasientar til Noreg er dermed oppe i 504, og Noreg er med det eit av dei landa som har tatt imot flest pasientar gjennom den europeiske sivile beredskapsmekanismen (UCPM). Berre Tyskland har tatt imot fleire.

– Etter nesten fire år med fullskala krig står det ukrainske helsevesenet i ein svært krevjande situasjon. Krigen har etterlate eit stort tal alvorleg skadde soldatar og sivile med behov for behandling. Russiske luftangrep har i tillegg råka ukrainske sjukehus og klinikkar. Noreg si evakuering og behandling av ukrainske pasientar avlastar helsetenesta i landet og medverkar til at Ukraina kan halde fram med å stå imot Russlands åtakskrig, seier utanriksminister Espen Barth Eide

– At Noreg har tatt imot over 500 pasientar gjennom medisinsk evakuering frå Ukraina, er ei djupt tragisk milepæl. Samstundes syner dette talet vår støtte til det ukrainske folket. Me står saman i ord og i handling, seier Vestre.

Breitt samarbeid

Sidan august 2022 har Noreg tilbode faste vekentlege flygingar til europeiske land for å evakuere ukrainske pasientar gjennom den europeiske sivile beredskapsmekanismen. Den medisinske evakueringa frå Ukraina er eit samarbeid mellom fleire departement, dei regionale helseføretaka og Helsedirektoratet, i tillegg til Forsvarets luftevakueringsgruppe, SAS og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB).

Medisinske evakueringar frå Ukraina er den største luftevakueringa Noreg har gjort. Mange land har kapasitet for sjukehusbehandling, men ikkje eigna transportmoglegheiter for medisinsk evakuering. Luftevakueringsressursen til Forsvarets sanitet bidreg til å utnytte sjukehuskapasiteten som er i mange land for å avlaste helsetenesta i Ukraina

Pasientane er i alle aldersgrupper, og mange har med seg pårørande. Kreft og krigsskadar utgjer dei største diagnosegruppene, men det er òg pasientar med infeksjonar og andre tilstandar. Eit nasjonalt koordineringssenter for medisinsk evakuering som er etablert ved Oslo universitetssjukehus sikrar at Noreg kan tilby tilgjengeleg behandlingskapasitet i spesialisthelsetenesta. Pasientane får behandling ulike stader i landet.

Donasjonar

Norsk helseteneste støttar òg Ukraina med donasjonar av mellom anna ambulansar, legemiddel, vaksinar og anna medisinsk utstyr. Via EU si ordning for sivil beredskap er det gjennom 2022–2025 donert 58 ambulansar frå fleire ulike helseføretak.

Norske helsearbeidarar styrker òg helsetenestene i Ukraina gjennom å dele erfaring og kunnskap. Noreg bidreg med rehabilitering av skadde barn og psykisk helsehjelp i Ukraina.

– Eg er glad for at Noreg kan bidra med donasjonar og kompetanse som kan bidra til å redde liv i Ukraina, seier helse- og omsorgsministeren.

I fjor sommar inngjekk Noreg og Ukraina inngjekk ein avtale om eit helsepartnarskap. Målet er djupare samarbeid, betre helse og å bidra til å motverke konsekvensane som følgje av Russland si krigføring i Ukraina. Avtalen legg opp til direkte utveksling av erfaringar mellom helseforvaltninga, utdanningsinstitusjonar og helsesektoren i Noreg og Ukraina.