NTNU er den beste lærebedrifta til staten i 2024

NTNU fekk i dag overrekt prisen for beste statlege lærebedrift i 2024.

Bilete viser Bjørn Haugstad, direktør for organisasjon og infrastruktur, som på vegner av NTNU fekk overrekt prisen frå statsråd Karianne Tung. Bak dei to sit ei forsamling av tilsette og lærlingar ved NTNU.
Tilsette og lærlingar ved NTNU var i dag samla då Bjørn Haugstad, direktør for organisasjon og infrastruktur, på vegner av NTNU fekk overrekt prisen frå statsråd Karianne Tung. Det var eit diplom og 10 000 kroner, som universitetet kan bruke til å styrke lærlingordninga. Foto: DFD

– Jobben med å tilby læreplassar til alle er viktigare enn nokon gong. NTNU imponerer ved måten dei legg til rette for lærlingar både fagleg og sosialt. Dei har òg hatt ei sterk utvikling i talet på lærlingar og lærefag dei tilbyr. Difor er denne prisen vel fortent, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.  

Prisvinnaren fekk eit diplom og 10 000 kroner, som universitetet kan bruke til å styrke ordninga.

Juryen framhevar at NTNU har tatt i bruk lærekandidatordninga. Det er ei skreddarsydd opplæring i bedrift, som gir grunnkompetanse til ungdom og vaksne som har, eller vil få, utfordringar med å oppnå full yrkeskompetanse.

–  NTNU utmerker seg ved at dei har særs god oppfølging av lærlingar med særskilde behov. Jobben dei gjer er svært viktig for å hindre fråfall og utanforskap, seier Tung.

NTNU bidreg til å rekruttere nye lærlingar og praksiselevar (YFF) frå dei vidaregåande skulane i nærleiken, som universitetet har intensjonsavtalar med. Ein lærlingdriven komité, som prøver å inkludere alle lærlingane sosialt, samarbeider med NTNU. NTNU har stor breidde i lærefaga, og har nyleg utvida med tre nye lærefag: Innhaldsproduksjon, gartnar og fjernstyrte undervatnsoperasjonar.

Juryen har bestått av representantar frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og samarbeidsorgan for statlege lærebedrifter OK stat.