Historisk arkiv

NTP 2022-2033: Samferdselsministeren bestiller framtidsbilete

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Arbeidet med det faglege grunnlaget for Nasjonal transportplan 2022-2033 er i gang. No har Samferdselsdepartementet bestilt ei kartlegging av dei viktigaste utfordringane i transportkorridorane og i byområda, og eit framtidsbilete av transportomfanget dei neste 30 åra.

– Vi legg fram ein ny nasjonal transportplan i 2021. Regjeringa vil prioritere løysingar og tiltak for god framkome for folk og gods som fremjar verdiskaping og busetnad i heile landet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsministeren har no sendt oppdragsbrev nummer 2 og 3 til Avinor AS, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Nye Veier AS og Vegdirektoratet. Her kjem han med fleire konkrete bestillinger.

– For å sikre at vi får mest mogleg veg og anna infrastruktur for pengane, treng vi å vite meir om transportbehovet fram mot 2050 og korleis ny teknologi kan påverke utviklinga, mellom anna gjennom nye forretningsmodellar, transportformer og transporttilbod. Dette skal verksemdene våre rapportere om innan 1. september i år, seier Dale.

Verksemdene vert også bedne om å kartlegge dei viktigaste utfordringane i transportkorridorane og i byområda.

Det er oppdrag 2 og 3 som no er sendt ut. I oppdrag 1 til gjorde samferdselsministeren det klart at kvar einskild verksemd skal gå kritisk gjennom ressursbruken, mellom anna til investeringar, både for å redusere kostnadane og auke nytten.

Meir

Oppdragsbrev 2 og oppdragsbrev 3. Sjå også oppdragsbrev 1

Meir om arbeidet med NTP 2022-2033