Ny dommar i Høgsterett
Nyheit | Dato: 29.05.2026 | Justis- og beredskapsdepartementet
Lagdommar Pål Erik Wennerås er i statsråd i dag utnemnd til dommar i Høgsterett.
Wennerås (fødd i 1976) har vore lagdommar ved Borgarting lagmannsrett sidan 2024. Han har òg lang erfaring som advokat hos Regjeringsadvokaten. Han tok doktorgrad i 2006.
Embetet som Wennerås er utnemnd til, blir ledig fordi høgsterettsdommar Erik Thyness går av med pensjon.
Om Noregs Høgsterett
Høgsterett er den øvste domstolen i landet. Høgsterett er ein såkalla prejudikatdomstol, som har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling innanfor rammene som følgjer av Grunnlova, lov og Noregs folkerettslege forpliktingar.
Høgsterett avgjer med endeleg verknad rettsforholdet mellom partane i saker som er bringa inn for domstolen. Høgsteretts rettsoppfatning blir òg følgd av dei andre domstolane og av rettslivet elles. Dermed får avgjerdene frå Høgsterett avgjerande innverknad på kva som er gjeldande rett.
Høgsterett har sidan 2016 vore leia av høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie, og den har, inkludert høgsterettsjustitiarius, no 21 dommarar.
Norges Høyesterett (domstol.no)