Ny etat under Forsvarsdepartementet

Regjeringa vil oppretta ein eigen etat med ansvar for å levera graderte kommunikasjonsløysingar til aktørar i både sivil og militær sektor.

- Den tryggingspolitiske utviklinga og kompleksiteten og sårbarheita i samfunnet gir auka behov for sikker og effektiv kommunikasjon på gradert nivå. Å oppretta ein eigen etat for å utvikla og levera sikre kommunikasjonsløysingar vil forbetra samarbeidet mellom sivile og militære styresmakter. Desse aktørane innanfor styresmaktsutøving, samfunnstryggleik, beredskap og forsvar skal vareta kritiske samfunnsfunksjonar gjennom heile krisespennet, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Forsvarsdepartementets interne IKT-eining har dei siste åra vorte ein sentral leverandør av nasjonale graderte plattformer til aktørar i totalforsvaret og andre verksemder underlagt tryggingslova. Eininga leverer i dag nasjonalt avgrensa nett (NBN) til ca. 150 verksemder og 10 000 brukarar, og behovet er aukande. Nasjonalt hemmeleg nett (NHN) er under utvikling og vil snart kunna takast i bruk av prioriterte brukarar. Dei graderte tenesteplattformene har utspringet sitt i militær teknologi.

- Denne IKT-eininga har i praksis allereie vakse seg ut Forsvarsdepartementet, og regjeringa vil derfor etablera den som ein eigen etat, seier forsvarsministeren.

Regjeringa tek sikte på at den nye etaten blir etablert i 2025. Den vil bli eit ordinært forvaltningsorgan under Forsvarsdepartementet.