Historisk arkiv

Ny lov om Opplysningsvesenets fond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Som eit ledd i oppfølginga av skiljet mellom stat og kyrkje fremjar regjeringa no forslag til ei ny lov om Opplysningsvesenets fond.

– Den nye lova legg det rettslege grunnlaget for å dele fondet mellom staten og Den norske kyrkja, og er ei oppfølging av stortingsmeldinga om Opplysningsvesenets fond og Stortingets behandling av meldinga, seier trus- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Det er vedteke at verdiane i Opplysningsvesenets fond, estimert til rundt ti milliardar kroner, skal delast mellom Den norske kyrkja og staten: Den norske kyrkja skal ta over eigedommar som er av særskilt kyrkjeleg verdi, som til dømes prestebustader, og blir eigar av desse. Staten får eigedomsretten til resten av fondet.

I samband med behandlinga av stortingsmeldinga om Opplysningsvesenets fond blei det vedteke at staten skal auke innsatsen for å setje i stand kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Summen av denne satsinga skal tilsvare storleiken på dei verdiane staten tek over frå Opplysningsvesenets fond.

– Når vi no får det rettslege grunnlaget for delinga på plass, startar arbeidet med den konkrete fordelinga. Arbeidet skal vere ferdig 1. januar 2023. Då har vi òg oversikt over kor stort statens bidrag til istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjer blir, seier Ropstad.

Opplysningsvesenets fond er ein av dei største grunneigarane i landet og har eigedommar i dei fleste kommunane. Fondet har opphav i det gamle kyrkjegodset frå mellomalderen som forsørgde prestane. Fondet var i si tid den største formuen staten hadde hand om, og har i dag ein formue verd fleire milliardar kroner.

Les lovforslaget her.