Ifølgje Den internasjonale Raude Kross-komiteen er det i dag om lag 120 væpna konfliktar i verda. Millionar av menneske er råka. PRIO anslår at minst 122 000 menneske vart drepne i krigs- og kampsituasjonar i 2023. 

Gjennom fleire tiår har Noreg bygd opp erfaringar og kompetanse på dette feltet. Arbeidet har føregått og føregår i ei rekkje land og regionar – mellom anna i Midtausten, Afghanistan, Colombia, Filippinane, Myanmar, Venezuela og på Afrikas Horn. Den norske tilnærminga og viljen til å snakke med alle konfliktpartar som ønskjer politiske løysingar gir oss legitimitet og eit breitt kontaktnettverk. Norske erfaringar og Noregs kompetanse er etterspurde, både av partar i konflikt og våre nærmaste allierte. I tillegg til å bidra til fred og stabilitet, fremjar arbeidet for fred og konfliktløysing norske sikkerheitspolitiske interesser som å motverke radikalisering, organisert kriminalitet og at menneske vert drivne på flukt.

Meldinga vil vise korleis arbeidet blir tilpassa ei verd i rask endring og som er prega av aukande geopolitisk spenning og polarisering. I ei meir konfliktfylt verd blir denne typen arbeid stadig meir komplekst, men samtidig endå viktigare. Meldinga vil vise korleis Noreg arbeider med fred og konfliktløysing, mellom anna ved å legge til rette for fredsforhandlingar, støtte dialoginitiativ og følgje opp våpenkviler og fredsavtaler. Den vil óg løfte fram korleis vi arbeider tett med sivilt samfunn for å forberede og styrke arbeid med konfliktløysing. Meldinga vil drøfte kor komplekst arbeidet med fredsdiplomati kan vere, og den vil drøfte dilemma og politisk risiko.

Det er eit mål at stortingsmeldinga skal bidra til ein meir opplyst offentleg samtale og auka engasjement om dette arbeidet. I arbeidet med meldinga vil utanriksdepartementet arrangere fleire innspelsmøte med relevante fagmiljø og organisasjonar.