Vil gi arbeidsgivarar seks månader til å krevje refusjon av sjukepengar
Pressemelding | Dato: 13.11.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa føreslår å doble fristen arbeidsgivarar har til å krevje tilbake forskoterte sjukepengar frå Nav, frå tre til seks månader.
– Forslaget følgjer opp semja frå tariffoppgjeret i år. Der blei partane samde om at fleire bedrifter skal leggje ut sjuke-, pleie- og foreldrepengar for dei tilsette. Regjeringa lova samtidig å gi arbeidsgivarane lengre tid til å krevje pengane tilbake. Det følgjer vi opp no, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Forslaget om å utvide fristen frå tre til seks månader har vore på høyring, og dei fleste høyringsinstansane støttar det. Forslaget gjeld også omsorgspengar, pleiepengar, opplæringspengar og foreldrepengar.
Dette betyr endringa i praksis
Med reglane i dag kan ei bedrift som sender refusjonskravet seint, måtte dekkje delar av sjukepengane sjølv. Blir ein tilsett sjuk 1. januar og kravet blir sendt 15. juni, får bedrifta berre refusjon frå og med mars. Med ein frist på seks månader blir heile perioden dekt.
Det gjer det tryggare for bedriftene å leggje ut løna når nokon blir sjuke. Dei fleste arbeidsgivarar sender kravet raskt, men om lag tre prosent bruker éin til tre månader.
Arbeidsgivarane bør sende inntektsinformasjonen tidleg til Nav, fordi Nav som regel ikkje kan behandle kravet frå den sjukmelde utan denne.
Raskare svar frå Nav
Regjeringa arbeider også for at både bedriftene og dei sjukmelde skal få pengane raskare. Nav behandlar rundt 10 000 sjukepengesaker kvar dag.
Sju av ti sjukepengesaker blir behandla automatisk, ofte same dagen som Nav får inntektsopplysningar frå arbeidsgivaren. Det er dei meir kompliserte sakene som tek for lang tid.
For å få ned saksbehandlingstida for sjukepengar gav regjeringa Nav 20 millionar kroner ekstra i revidert nasjonalbudsjett for 2026. I budsjettet for 2027 føreslår regjeringa 50 millionar kroner, mellom anna til dette formålet. Nav har sett inn 50 nye medarbeidarar, og målet er at tida det tek å behandle dei refusjonskrava som må behandlast manuelt, skal ned frå 15 til 11 veker innan nyttår.
– Saksbehandlingstida for sjukepengar har gått ned, men i dei meir kompliserte sakene er ho framleis for lang. Difor set vi inn ekstra tiltak. Målet er at ventetida skal halde fram med å gå ned, både for bedriftene og for dei sjukmelde, avsluttar Stenseng.