Historisk arkiv

Vil ha større utval og lågare prisar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa foreslår ei rekkje tiltak som kan styrke konkurransen i verdikjeda for daglegvarer.

- Daglegvaremarknaden har stor betyding for dei fleste av oss. Difor er det viktig at den fungerer godt, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

I dag har næringsministeren lagt frem meldinga "Daglegvare og konkurranse – kampen om kundane" for Stortinget. Arbeidet har vist at konkurransesituasjonen i verdikjeda er krevjande, og at det er risiko for at forbrukarane betalar meir for maten enn dei må.

- Noreg har høgare prisar og mindre vareutval enn nabolanda våre. Dette vil regjeringa gjere noko med, og foreslår no ei rekkje tiltak, seier Nybø.

Permanent satsing i Konkurransetilsynet

Dei siste to åra har Konkurransetilsynet blitt tilført 6,5 millionar kroner og 8,5 millionar kroner for å styrke handhevinga av konkurranselova i daglegvarebransjen. Eit av tiltaka i meldinga er å innføre ei permanent satsing på daglegvare i Konkurransetilsynet.

- Med denne satsinga kan Konkurransetilsynet oppretthalde den styrkte handhevinga av konkurranselova, auke marknadsovervakinga og vurdere fleire tiltak som kan føre til meir konkurranse, seier næringsministeren.

Eit anna tiltak er å auke kontrollen på innkjøpsprisane, gjennom årlege kartleggingar. Innkjøpsprisar har mykje å seie for lønnsemda til aktørane. På dette området har Konkurransetilsynet kartlagt til dels store skilnader. På grunn av uvisse om kvifor skilnadane oppstår blir det ikkje innført forbod mot prisdiskriminering. Eit forbod kan dessutan ha verknader som høgare prisar.

- Meir kunnskap om kvifor skilnader oppstår er viktig i kontrollen med innkjøpspriser. Vi tek  også sikte på å innføre krav til grunngiving frå leverandørar som opererer med store skilnader i innkjøpsprisane, seier Nybø.

Regjeringa vil òg oppretta eit daglegvaretilsyn som skal handheve lov om god handelsskikk, som blei vedteke i mars 2020. Formålet er at avtalane mellom detaljistkjeder og leverandørar blir meir effektive enn utan lova.

Vil ha fleire aktørar

Arbeidet med meldinga har òg vist at det er store etableringshindringar for nye aktørar. Dette kjem i hovudsak av høgare innkjøpskostnader for mindre aktørar og avgrensa tilgang til attraktive butikklokale.

For å gjere tilgangen til butikklokale enklare vil regjeringa vurdere om konkurranseomsyn kan takast inn som eksplisitte omsyn i plan- og bygningslova. Slike presiseringar er gjort i Sverige, Danmark og Finland. Verknader av ein standardisert konkurransetest når nye butikkar blir etablert skal også vurderast.

I tillegg vil regjeringa undersøkje om det er reell tilgang til grossisttenester for nye aktørar, og om det er behov for at tilgangen blir regulert.

Storhushald og offentlege anskaffingar

Ein annan arena for sal av daglegvarer er storhushald. Departementet har bestilt ei utgreiing om verknadene av store offentlege kontraktar. Ein av marknadene utgreiinga tok utgangspunkt i, var storhushaldsmarknaden. I rapporten blir det foreslått at det blir utarbeidd ein rettleiar for korleis offentlege anskaffingar av mat og drikke kan gjerast på ein måte som opnar for små aktørar. Regjeringa vil jobbe vidare med kunnskapen og konklusjonane frå rapporten om verknader av store offentlege kontraktar.

Les hele meldinga her

 

Fakta om verdikjeda for daglegvarer

  • Norsk daglegvarehandel er ein vesentleg bidragsytar i norsk økonomi, både i verdiskaping og når det gjeld sysselsetjing. Ved utgangen av 2019 var det totalt 3 848 daglegvarebutikkar i Noreg, og daglegvaremarknaden omsette for 178 milliardar kroner
  • Daglegvaremarknaden sysselset nær 104 000 personar i Noreg, noko som gjer daglegvarehandelen til ein av dei største private sysselsetjarane i Noreg
  • Ifølgje SSB brukte brukte nordmenn i 2018 i gjennomsnitt 11,6 prosent av inntekta si på mat og alkoholfri drikke, og delen gjekk ned til 11,4 prosent i 2019.
  • Matvareprisane i Noreg er høgare enn i andre europeiske land. I 2018  hadde Noreg eit prisnivå på matvarer og alkoholfrie drikkevarer som låg 63 prosent over gjennomsnittet i Europa, og var høgast i Europa. 
  • Butikktettleiken i Noreg er høg, og i 2018 hadde Noreg 7,3 butikkar per 10 000 innbyggjar, samanlikna med 3,8 i Sverige.
  • Verdikjeda for daglegvarer består i hovudsak av fire ledd: Primærleddet, leverandørleddet, grossistleddet og detaljistleddet. Leverandørleddet importerer eller produserer varer som blir selt i butikkane. Grossistleddet driv innkjøp av varer frå leverandørar og distribusjon av varene frå leverandør til butikk. Detaljistleddet driv med sal av varer direkte til forbrukar.
  • På detaljistleddet i verdikjeda for daglegvarer er det i dag tre store og ei lita daglegvaregruppering. Dei tre store er Norgesgruppen ASA, Coop Norge SA, Rema 1000 AS og I.K Lykke AS (Bunnpris), som hadde høvesvis 43,7 prosent, 29,5 prosent, 23,2 og 3,6 prosent marknadsdel i 2019. I tillegg hadde Kolonial.no ein omsetnad på om lag éin milliard kroner i 2019, noko som utgjer om lag 0,5 prosent av totalomsetnaden i daglegvaremarknaden.
  • Daglegvarebutikkane blir ofte delte inn i fire ulik segment: nærbutikk, lågprisbutikk, supermarknad og hypermarknad. I 2018 var 58 prosent lågprisbutikkar, 27 prosent nærbutikkar, 14 prosent supermarknader, og éin prosent hypermarknad.
  • Dei ulike daglegvaregrupperinga kan ha ei rekkje ulike butikktypar, med ulikt konsept og utval:
    • Norgesgruppen driv profilkjedene Meny, Kiwi, Joker, Spar/Eurospar, Nærbutikken og CC.
    • Coop driv profilkjedene Obs, Ekstra, Coop Mega, Coop Prix, Coop Marked og Matkroken
    • Rema 1000 driv ein profilkjede; Rema 1000
    • Bunnpris driv profilkjedene Bunnpris og Bunnpris & Gourmet.