Historisk arkiv

Innføring av tilbod om skipsfinansiering gjennom Eksportkreditt Norge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

I statsbudsjettet for 2018 foreslo regjeringa ei ny låne- og garantiordning for kjøp av skip frå norske verft, når desse skipa skal brukast i Noreg. I dag la regjeringa fram eit forslag til endring i lov om Eksportkreditt Norge AS.

Lånedelen av den nye ordninga skal forvaltast av Eksportkreditt Norge. Regjeringa sine endringsforslag i lov og forskrift som regulerer Eksportkreditt Norge si verksemd har no vore  på offentleg høyring.

-Eg er glad for at lånetilbodet snart er på plass. Reiarane i Noreg vil få betre tilgang på finansiering som igjen vil medverke til auka aktivitet for verft og underleverandørar i Noreg, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Ordninga skal forvaltast av GIEK og Eksportkreditt Norge og vil vere ei mellombels treårig ordning. Ordninga vil bli evaluert. Det vil vere ein føresetnad at GIEK gir långivargarantiar på like vilkår med bankane, og at Eksportkreditt Norge gir lån på marknadsvilkår. Etter planen skal ordninga vere operativ i løpet av første halvår 2018.