Foto: Frøydis Tornøe/SD

Forslaga til nye fartsgrenser sendes i dag på høring frå vegvesenet. Endringane vil kunne tre i kraft i september.

– Vi vil gjere reisekvardagen til folk så enkel, sikker og effektiv som mogleg. For å få til dette har investeringar i nye vegprosjekt hatt høg prioritet dei siste åra, og standarden på vegane er heva for at transporten skal gå raskt, effektivt og sikkert. Då er det også naturleg å sjå på kva fartsgrense som er rett på dei ulike strekningane. Vi foreslår difor no å endre fartsgrensa på seks ulike strekningar rundt om i landet, seier Dale.

Endringane gjeld for følgande seks strekningar:

Fartsgrenseendringane vil bli evaluert etter eitt og tre år. I evalueringa skal trafikktryggleiken vurderast, og det skal gis ein konkret vurdering av om fartsgrenseendringa har påverka samfunnsnytta.