Når industrien brenn olje eller gass for å lage varme som blir brukt i ein industriprosess, kallar vi det indirekte fyring. Forbodet mot slik fyring skal sikre utsleppskutt ved å gå over til fossilfrie og meir energieffektive løysingar. Dette kan til dømes vere el-kjelar og varmepumper.

– Forbodet vil bidra til å nå Noregs klimamål ved å redusere utsleppa med 700 000 tonn CO2-ekvivalentar fram mot 2030. Dette svarer til utsleppa frå kring 350 000 fossilbilar i eitt år og er eit viktig steg på vegen for lågare utslepp og meir bruk av nullutsleppsløysingar i industrien, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

Forbodet rettar seg mot ikkje-kvotepliktige bedrifter innan mellom anna næringsmiddelindustrien, fiskeindustrien, dyrefôrproduksjon og papir- og masseindustrien. Det blir anslått at desse utgjer om lag 300 verksemder i Noreg. Forbodet gjeld ikkje for avfallsforbrenning.

Kan få Enova-støtte

Enova støttar teknologiar som kan bidra til å fase ut fossil fyring i industrien, mellom anna elektrifisering gjennom el-kjelar, industrielle varmepumper, utnytting av overskotsenergi og overgang til fast biobrensel. Støtteprogramma er relevante for dei fleste verksemdene som vil bli påverka av forbodet.

Det vil òg vere mogleg å søke unntak i tilfelle der det ikkje er nok kapasitet på nettet, eller der forbodet vil føre til svært høge kostnader. Samstundes forventar vi at kraftsystemet vil klare å handtere den auka bruken av elektrisitet som følgjer med forbodet.

Regjeringa arbeider med eit liknande forslag om å forby bruk av fossile brensel i kvotepliktig industri frå 2033. Forslaget følgjer opp Stortingets vedtak i revidert nasjonalbudsjett for 2025 og vil bli sendt på høyring hausten 2026.