Historisk arkiv

Ny studie skal kartleggje konkurransekrafta i vertfsnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Verftsnæringa er sterkt påverka av både oljeprisfallet og koronapandemien. No lyser Nærings- og fiskeridepartementet ut ein ekstern studie som skal kartleggje marknadssituasjonen i næringa og effekten av dagens verkemiddel.

- Verftsnæringa er ein viktig arbeids- og oppdragsgjevar for dyktige folk langs heile kysten. Enkelte verft har hatt vanskelege år, medan andre har klart seg betre. No vil vi ha ein grundig analyse av norsk verftsnæring for å få ein peikepinn på kvar den kan vere mest konkurransedyktig, siger næringsminister Iselin Nybø (V).

I stortingsmeldinga om maritim politikk, Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring frå desember 2020 varsla regjeringa at ein vil gjennomføre ein studie av verftsnæringa sin økonomiske og konkurransemessige situasjon.

Studien vil ha som mål å kartleggje marknadssituasjonen i næringa og effekten av dagens verkemiddel. Den vil òg vurdere konkurransesituasjonen for norske verft i lys av europeiske støtteordningar.

Studien blir lyst ut på den offentlege portalen for offentlege innkjøp i dag og har ei kostnadsramme på 750.000 kroner.

Sjå utlysninga Doffin.no