Ny tilskotsordning for villreintiltak
Nyheit | Dato: 26.08.2026 | Klima- og miljødepartementet
Frå 1. september kan kommunar, organisasjonar og andre aktørar søke Statens villreinfond om støtte til tiltak for å betre tilhøva for villreinen. Søknadsfristen er 15. oktober.
– Villreinen er ein viktig del av norsk natur, og er under sterkt press. Skal vi ta vare på han for framtidige generasjonar, treng vi gode tiltak og engasjerte aktørar som vil bidra. Regjeringa har derfor oppretta eit villreinfond som skal bidra til å finansiere tiltak som kan betre situasjonen for villrein. Eg håpar at mange no nyttar seg av moglegheita til å søke støtte til tiltak for å hjelpe villreinen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
I den første søknadsrunden er det sett av 4 millionar kroner. Midla kan mellom anna brukast til utgreiingar og forprosjekt som kan legge grunnlaget for framtidige tiltak i villreinområda, hovudsakleg område påverka av vasskraftutbygging.
Prosjekt som følger opp tiltak i eksisterande tiltaksplanar for villrein vil vere særleg aktuelle.
Søknadsskjemaet blir tilgjengeleg frå 1. september.
Les meir om Statens villreinfond og søk tilskot på Miljødirektoratets nettsider.