Nye dommarar i Høgsterett
Nyheit | Dato: 17.04.2026 | Justis- og beredskapsdepartementet
Advokat Thomas Horn og kommuneadvokat Lars Marius Heggberget er i statsråd i dag utnemnde til nye dommarar i Høgsterett.
Horn (fødd i 1973) kjem frå ei stilling som advokat og partnar i Advokatfirmaet Schjødt AS, og har lang røynsle som advokat i privat sektor. Han tok doktorgrad i 2015. Han har òg bakgrunn som dommarfullmektig.
Heggberget (fødd i 1972) har vore kommuneadvokat i Trondheim sidan 2019. Han har lang røynsle som advokat i kommunal og privat sektor. Han har tidlegare vore universitetsstipendiat.
Embeta, som Horn og Heggberget er utnemnde til, blir ledige fordi høgsterettsdommarane Per Erik Bergsjø og Wenche Elizabeth Arntzen går av med pensjon i løpet av året.
Høgsterett er den øvste domstolen i landet. Høgsterett er ein såkalla prejudikatdomstol, som har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling innanfor rammene som følgjer av Grunnlova, lov og Noregs folkerettslege forpliktingar.
Høgsterett avgjer med endeleg verknad rettsforholdet mellom partane i saker som er bringa inn for domstolen. Høgsteretts rettsoppfatning blir òg følgd av dei andre domstolane og av rettslivet elles. Dermed får avgjerdene frå Høgsterett avgjerande innverknad på kva som er gjeldande rett.
Høgsterett har sidan 2016 vore leia av høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie, og den har, inkludert høgsterettsjustitiarius, no 21 dommarar.