Verksemder kan søke om midklar til prosjekt via ei felles satsing: Meir berekraftig fôr til husdyr og fisk – frå idé til marknad.

- 82 prosent av fôret til husdyra i det norske landbruket er produsert i Noreg. Dersom vi skal få ein endå høgare norskandel på husdyrfôret, er det interessant å prøve ut nye fôrkilder, seier landbruks- og matminister Sandra Borch. – Dei siste åra er til dømes bruken av soya redusert, og erstatta med andre proteinråvarer som rapspellets, seier Borch.

Utlysinga har som mål å få fram nye fôrkilder og ingrediensar, som i full industriell skala kan vere med å dekke norske förbehov og gjere Noreg meir sjølvforsynt. Døme på alternative innsatsfaktorar er mikroorganismer og insekt, hausting av marine ressursar og foredling av skogsressursar.

Les meir hjå Forskningsrådet