Første frødeponering i Svalbard Globale Frøkvelv i 2026
Nyheit | Dato: 26.02.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Den første frøprøvedeponeringa i Svalbard globale frøkvelv 2026 fann stad denne veka.
Frø frå to nye land, Guatemala og Niger, blei deponerte for aller første gong, og Frøkvelvet fekk òg sin første deponering av olivenfrø. Totalt kom 7 864 frøprøver frå 10 deponentar til langtidslagring i det arktiske anlegget.
Dette er den 69. deponeringa og ho gjer at det totale talet på sikra frøprøvar i Frøkvelvet no er 1 386 102 frøprøver. Anlegget ligg under permafrosten, djupt inne i eit fjell på øya Spitsbergen, og blir drive av den norske regjeringa, Nordisk genressurssenter (NordGen) og Crop Trust.
Ei blanding av nasjonale genbankar, internasjonale forskingssenter og samlingsinitiativ knytte til lokalsamfunn var til stades under deponeringa. Blant dei deponerte frøprøvene er det mellom anna:
- Korn og belgvekstar som er basisvarer for millionar av menneske over heile Afrika
- Grønsaker som er sentrale for kosthald og ernæring verda over
- Tradisjonelle vekstar og ein forløpar til mais frå lokale urfolksbønder i Guatemala
- Oliven, ein vekst der både frukt og olje har global ernæringsmessig, gastronomisk, kulturell og økonomisk tyding
Oliven-genbanken ved Universitetet i Córdoba leverte for første gong olivenfrø til Svalbard Globale Frøkvelv. Genbanken er ein del av genbanknettverket til International Olive Council.
Det blei også deponert frø frå ville oliventre i Spania og frø som representerer dei 50 viktigaste dyrka olivensortane i verda. Å få desse frøa til Svalbard, var eit sentralt resultat av GEN4OLIVE, eit europeisk forskingsprosjekt leidd av Universitetet i Córdoba.
Guatemalas nasjonale genbank, styrt av Instituto de Ciencia y Tecnología Agrícolas (ICTA), leverte 950 frøprøver frå 10 artar. Frøa stammar mellom anna frå tradisjonelle mais og bønnesortar som er tekne vare på og vidareutvikla av den lokale bondeorganisasjonen ASOCUCH.
Det er Landbruks- og matdepartementet som administrerer Det globale frøkvelvet på Svalbard. I tillegg har departementet ansvar for drift, tryggleik og stønad. Statsbygg har fått rolla som hovudrådgjevar når det gjeld bygg og vedlikehald av frøkvelvet.
- Du kan lesa meir om frøkvelvet på: Landbruks- og matdepartementet - regjeringen.no
NordGen er genbanken til dei nordiske landa, og er også kunnskapssenter for genetiske ressursar. Som driftaren av Frøkvelvet, har NordGen ansvaret med å handtera frøa inne i Frøkvelvet, kommunisera med andre genbankar og å halda ved like ein open, allmenn database med informasjon om frøprøvene som ligg lagra i Frøkvelvet.
- Les meir hjå NordGen: NordGen
Crop Trust er ein internasjonal organisasjon som arbeider med å konservera avlingsmangfaldet og såleis verna den globale mat- og ernæringstryggleiken. Kjernen i Crop Trust er eit gåvefond som garanterer økonomisk stønad til genbankar over heile verda på lang sikt. Crop Trust stør Det globale frøkvelvet på Svalbard og koordinerer storskalaprosjekt over heile verda for å sikra avlingsmangfaldet og gjera det tilgjengeleg for bruk. Crop Trust er anerkjent som eit essensielt element i finansieringsstrategien til den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og landbruk.
- Les meir hjå Crop Trust: www.croptrust.org