Historisk arkiv

Nye reglar for å ha med kjæledyr på reise

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

No reiser mange på ferie og då er det viktig å sjå til at dyra har det bra. Tek du med kjæledyra til utlandet i sommar, må du hugsa på at dyra og skal ha eiget pass.

– No som varmegradane stig må du hugse på at dyr ikkje toler like mykje varme som eit menneske gjer. Pass difor på at dyra ikkje blir overoppheta i sommar. Gje dyra rikeleg med vatn, kvile og tilgang til frisk luft, seier Dale.

I store delar av Europa er det mange sjukdomar og parasittar blant dyr, som sjeldan er påvist i Noreg. Dei kan vere ein fare for både dyr, menneske og miljø.

Om du likevel vel å ta med deg dyr til utlandet er det viktig å hugse på at dei må vere ID-merka, ha eige pass og ha dei riktige vaksinane. På Mattilsynet si nettside kan du finne dei nye reglane som gjeld for dyr på reise.

– Det er lov å ta med seg kjæledyra på ferie i sommar, men sjølv om det er lov betyr det ikkje at det er lurt. Ta difor ei ekstra vurdering om det er nødvendig å ta med kjæledyra på utanlandsferie, oppfordrar landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Hjelp heller dyr i utlandet

I utlandet er det mange heimlause hundar og kattar som det kan vere fristande å ta med seg heim til Noreg. Det er ikkje ulovleg å ta med dyr heim så lenge dei oppfyller vilkåra, men Mattilsynet åtvarar folk på det sterkaste mot å gjera det.

Dyra kan nemleg ta med seg antibiotikaresistente bakteriar, parasittar og sjukdomar inn til Noreg. Sjølv om du har dei nødvendige papira på dyra, kan dette vere ein falsk tryggleik. Mattilsynet har oppdaga fleire tilfelle der informasjonen i veterinærpapira frå utlandet ikkje har vore korrekt. Over 70 prosent av nye menneskesjukdomar kjem frå dyr, og difor er det viktig at folk brukar hovudet og ikkje tek med seg dyr som dei ikkje kjenner smittehistoria til.

Ikkje la dei firbeinte vere aleine heime i ferien

I sommar blir omplasseringssentra raskt overfylte, noko som gjer at det ikkje er mogelegheit til å hjelpe alle dyra som blir igjen heime. Det er viktig å ta ansvar og vere ute i god tid, slik at du kan finne nokon som kan passe på kjæledyret ditt i ferien.

 

Hund
No reiser mange på ferie og då er det viktig å sjå til at dyra har det bra. Tek du med kjæledyra til utlandet i sommar, må du hugsa på at dyra og skal ha eiget pass. Foto: Colourbox