Forsida

Nytt i statsministerens program veke 49

Søndag 11. desember

Kl. 09.45: Statsministeren møter FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, til samtale i statsministerbustaden.

Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter fredsprisvinnarane i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Ein fotopool kan arbeide ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 10.00.

Om lag kl. 11.00 vil statsministeren og fredsprisvinnarane møte pressa i Riddervoldgate 2. Oppmøte for presse seinast kl. 10.30.

Presse som ønskjer å vere til stades på pressekonferansen må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan fredag 9. desember. Alle må ha med gyldig pressekort og ID. Internasjonal presse må også være akkreditert gjennom Nobel.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no og  kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.