Nytt styre i Nordnorsk Kunstmuseum

Kultur- og likestillingsdepartementet har oppnemnt nye medlemmar til styret for Nordnorsk Kunstmuseum for perioden 2024-2027. Christin Kristoffersen blir ny leiar for styret.

– Vi meiner dette gir Nordnorsk Kunstmuseum eit svært kompetent og breitt samansett styre, med erfarne og kunnskapsrike medlemmar til nytte for institusjonen og til glede for kunstinteresserte i heile landsdelen, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Dei statleg oppnemnde medlemmane i styret er:

Styreleiar

Christin Kristoffersen (ny)

Oslo

f. 1973

Styremedlem

Ole-Jonny Korsgaard

Harstad

f. 1961

Styremedlem

Svein Bjørkås (ny)

Vestvågøy

f. 1953

1. varamedlem

André Wallann Larsen (ny)

Bodø

f. 1977

2. varamedlem

Marija Griniuk (ny)

Karasjok

f. 1984

3. varamedlem

Åsunn Lyngedal (ny)

Narvik

f. 1968

Nordnorsk Kunstmuseum (NNKM) i Tromsø når publikum i heile den nordlege landsdelen, og har ei samling på over 2 225 verk av kunstnarar frå 1600-tallet til i dag. Museet har dessutan programmeringsansvar for Nordover Kunstsenter på Svalbard, er nøkkelpartnar i kunstnarresidensen Artica Svalbard, og opnar NNKM Bodø i 2024.