Historisk arkiv

Nytt utvalt kulturlandskap i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Norangsdalen og Hjørundfjorden er blant dei ni nye utvalde kulturlandskapa i jordbruket. Fjordlandskapet har trong fjord og bratte fjell.

– Kulturlandskapa er av nasjonal verdi, og denne ordninga bidrar til å ta vare på desse områda i mange år framover. Eit aktivt jordbruk med god utnytting av beiteressursar og lokalt engasjement, er naudsynt for å ta vare på natur- og kulturverdiar. Verdiskaping basert på kulturlandskapets verdiar er også eit viktig satsingsområde for denne ordninga, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Norangsdalen og Hjørundfjorden er blant dei ni nye utvalde kulturlandskapa i jordbruket. Fjordlandskapet har trong fjord og bratte fjell.
Norangsdalen og Hjørundfjorden er blant dei ni nye utvalde kulturlandskapa i jordbruket. Fjordlandskapet har trong fjord og bratte fjell. Foto: Per Urke.

Eit brattlendt landskap 

Den lange og smale Hjørundfjorden går sør-aust frå Storfjorden til bygda Bjørke inst i fjorden, omkransa av bratte fjell som enkelte stader er brotne opp av mindre dalføre. På austsida går Norangsfjorden inn til den tronge Norangsdalen. Busetnaden i dag er konsentrert i større bygdelag i dalføra som har utløp ved fjorden, og her er jordbruket modernisert. Mange av dei andre spreidde bruka ligg brattlendt til, er utan vegsamband og no fråflytta. Busetnaden er basert på rike utmarksressursar i fjord og fjell. Det er om lag 130 gardsbruk i området, 35 av dei er i drift. Her er mjølkeproduksjon på ku og geit og kjøtproduksjon på storfe og sau.

Stort natur- og artsmangfald

Området viser stor variasjon i topografi og naturtypar, og spenner frå fjord til fjell. Her er fleire store lokalitetar med rik edellauvskog som i stor grad har vore nytta som beiteskog og hausting av lauv. Nokre har innslag av slåtteng. Her er naturbeitemarkar med eit høgt mangfald av karplantar, insekt og sopp. Hevdtilstanden varierer ein del, frå attgrodde bjørkeskogslier ovanfor Øye, til godt beita rasmarksenger i Norangsdalen, og delvis også i Urkedalen. Det er registrert raudlista artar: fuglar som storspove og vipe, treslag som ask og alm og plantar som kvit skogfrue, skogfredløs og solblom. 

– FNs globale berekraftsmål seier at vi skal styrke innsatsen for å verne om og sikre verdas kultur- og naturarv og setje i verk tiltak for å stanse tap av naturmangfald. Med den auka satsinga vi no har fått, vil ein oppnå at landskap langs kysten, ved fjorden, i innlandet og på fjellet, blir tatt vare på. Eg er dessutan også opptatt av at tiltak i desse landskapa kjem insekt og pollinerande artar til gode, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Kulturhistorisk utvikling

Området har eit høgt tal verneverdige bygningar knytt til busetting og drift på gardar og setrer. Her er òg hustufter, naust, båtstøer, steingjerde, bakkemurar, nyare rydningsrøyser, gamle vegfar og bruer. Landskapet langs fjorden er rasfarleg og busetnaden måtte leggjast der det var trygt. Klyngetunet på Finnes er eit døme på det og er eit av dei få bevarte klyngetuna som framleis er busett. Bakketunet i Hjørundfjorden er freda. På slutten av 1800-talet vaks det fram ein tettstad med dampskipskai på Sæbø. Busetnaden her speglar den kulturhistoriske utviklinga av ein tettstad ved fjorden. Hotel Union på Øye frå 1890-åra vitnar om tidleg turisme i fjordane.

Planar for tiltak i området

For å skjøtte viktige naturbeitemarker er det trong for ein del rydding og å få inn fleire beitedyr i området, samt å fjerne framande treslag. Skjøtsel av andre naturtypar vil òg verte vurdert. Ein ønsker å gjennomføre ei tilstandsvurdering av kulturminne, som grunnlag for vidare arbeid med istandsetting, synleggjering og ny bruk, samt å kartlegge immateriell kulturarv. Ein ønsker òg å fremme ønska aktivitet og unngå uønska aktivitet gjennom  bruk av plan- og bygningslov og andre lovverk og arbeide vidare med næringsutvikling.