Ole Henrik Magga er vinnar av Nordisk samisk språkpris – Gollegiella

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Nordisk samisk språkpris – Gollegiella 2022 blir tildelt professor emeritus Ole Henrik Magga i Stockholm i dag. Han har gjennom heile sitt liv gjort ein framifrå innsats for å fremje, utvikle og bevare dei samiske språka. Gjennom sitt livsverk har han vist samane og omverda at samisk er eit viktig og levande språk.

– Det er med stor glede og respekt at eg gratulerer Ole Henrik Magga med den nordiske samiske språkprisen Gollegiella. Ole Henrik Magga sitt arbeid for å fremje og utvikle dei samiske språka og det han har bidrege med i samisk språkforsking står i ein klasse for seg. Gjennom sitt arbeid har han opna vegen for at både gamle og nye samiske språkbrukarar kan nytte dei samiske språka så vel i skrift som i tale. I tillegg er han ein bauta i samepolitikken, i urfolkspolitikken internasjonalt og i arbeidet for urfolksrettar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Sverige er vertslandet for utdelinga av språkprisen Gollegiella, som blir delt ut for tiande gong. Prisutdelinga finn stad i samband med minister- og sametingspresidentmøtet i Stockholm 18. januar 2023.

Ole Henrik Magga blei fødd i 1947 i Kautokeino i Nord-Norge. I sitt virke for dei samiske språka har han i fleire tiår arbeida for språka si utvikling, mellom anna gjennom akademiske studium, forsking og utvikling av læremidlar og undervisning.

Magga har utarbeida den moderne nordsamiske ortografien, skrive en sørsamisk grammatikk saman med Lajla Mattsson Magga og deltatt i utviklinga av både den ume- og pitesamiske ortografien. Magga har òg bidratt i oppbygginga av urfolksinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt, mellom anna som den første leiaren for FNs permanente forum for urfolksspørsmål og ved å bygge opp Sametinget i Norge, der Ole Henrik Magga var den første presidenten.

Språkprisen Gollegiella blei stifta for å motivere til utvikling og revitalisering av dei samiske språka. Prisen blir delt ut annakvart år.