Partane er også tilgjengeleg for pressa for bilete og korte kommentarar etter opninga.

Partane er representerte av Bente Kraugerud, statens personaldirektør, Christer Wiik Aram, nestleiar i Akademikerne stat, Elisabeth Steen Onshus, leiar i LO Stat, Steinar Sæther, leiar i Unio stat og Jens B. Jahren, leiar i YS Stat.

Årets oppgjer er eit hovudoppgjer, der alle delar av tariffavtalane er oppe til forhandling, ikkje berre løn.

  • Stad: Auditoriet i R5, Akersgata 59
  • Tid. 16. april kl. 10.00
    (møtet er lukka, men pressa kan ta bilete før og etter)

Presse som ønsker å delta kan melde seg til presse@dfd.dep.no

Det vil bli gjennomført bagasjekontroll, og vi ber akkreditert presse om å møte i god tid.

Husk gyldig legitimasjon (norsk gyldig, fysisk førarkort, pass, nasjonalt ID-kort).

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 20 00

E-post til kommunikasjonseininga: presse@dfd.dep.no