Historisk arkiv

Stadig fleire kommunar kommuniserer digitalt med innbyggjarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Når stadig fleire kommunar tek i bruk digital kommunikasjon overfor innbyggjarane gjer det kvardagen enklare, både for dei tilsette og for brukarane, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Ei ny kartlegging om kommunal organisering som Norsk Institutt for by- og regionforskning (NIBR) har gjort på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser at digital kommunikasjon i kommunane blir stadig meir brukt.

Bruk av internett i kommunikasjon med innbyggjarane har stabilisert seg på eit høgt nivå. Til dømes har drygt 90 prosent av kommunane søknadsskjema tilgjengeleg på nett. Nær 90 prosent av kommunane brukar sosiale medium i 2016, mot 55 prosent i 2012.

Sidan 2008 har talet på kommunar som brukar SMS-kommunikasjon fordobla seg kvart fjerde år, slik at nesten 70 prosent av alle kommunar no brukar dette. Det er også aukande bruk av nærradio-/lokal-TV-/internettsendingar frå kommunestyremøte.

– Det er positivt at kommunane tek i bruka digitale medium i sin kommunikasjon med innbyggjarane. Det er viktig for lokaldemokratiet og bra at kommunane tilpassar seg dei kanalane innbyggjarane bruker, og er til stades der innbyggjarane er, seier Jan Tore Sanner.

Kvart fjerde år får Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjennomført ei kartlegging av kommunal organisering. Kartlegginga blir brukt bl.a. som datagrunnlag i kommuneforsking og i arbeid med lovutvikling og lokaldemokrati.

Andre utviklingstrekk i høve til tidlegare undersøkingar:

  • Det kan sjå ut til at formannskapa i kommune-Noreg  får ei mindre viktig rolle i mange av kommunane. Det er ein klar utvikling i retning av at mange formannskap i mindre grad blir delegert  omfattande myndigheit.
  • Fleire kommunar går bort frå den flate to-nivå-modellen som breidde om seg på byrjinga av 2000-tallet.
  • Kommunane varetek dei fleste oppgåvene innanfor eigen driftsorganisasjon. Men samstundes vel kommunane interkommunale ordningar på ein del område, i størst omfang når det gjeld revisjon, renovasjon og brannvesen. 
  • Bruken av konkurranseutsetting og av innsats- eller stykkprisfinansiering på ulike tenesteområder er stort sett uendra sidan 2012. Offentlig-privat samarbeid (OPS) blir i 2016 mindre vanlig. Andelen kommunar som nyttar seg av friare brukarval held seg stabilt jamført med situasjonen i 2012.

NIBR-rapport 2016:20 Kommunal organisering 2016

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00