Over 34 millionar kroner ekstra til fylkesvegar i Telemark
Pressemelding | Dato: 30.06.2026 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Telemark fylkeskommune får 34 millionar kroner ekstra til vedlikehald og mindre investeringar på fylkesvegar i 2026. Det kommer etter at dei frie inntektene til fylkeskommunane auka med totalt éin milliard kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2026.
– Eg er glad for at stortingsfleirtalet har funne rom for å styrke fylkeskommunane sitt handlingsrom ytterlegare samanlikna med saldert budsjett for 2026. Dette vil gi fylkeskommunane eit større handlingsrom til å prioritere vedlikehald, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.
Fylkesvegnettet er omfattande og har viktige funksjoner som skal sørgje for eit heilskapleg vegnett for persontransport og næringsliv. Fleire fylkeskommunar melder om eit stort behov for vedlikehald på fylkesvegane. Tillegget på 34 millionar kroner til Telemark er eit mellombels, ekstraordinært tilskot.
– Regjeringa er opptatt av å bidra til ein god fylkeskommuneøkonomi. Vi held fram med å styrke kommuneøkonomien, slik at fylkeskommunane kan prioritere vedlikehald på eigne fylkesvegar. Denne styrkinga kjem på toppen av at fylkeskommunane sine frie inntekter vart styrka med 2,1 milliardar kroner i saldert budsjett for 2026, seier Skjæran.
– Dette er eit viktig og målretta løft for fylkesvegane våre. Fylkeskommunane sit med eit stort ansvar for eit omfattande vegnett som er heilt avgjerande både for reisekvardagen til folk og konkurransekraft for næringslivet. Med denne ekstra milliarden får fylkeskommunane betre høve til å ta att vedlikehaldsetterslepet og gjennomføre mindre, men viktige investeringar som raskt kan gi betre framkome og auka tryggleik på vegane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Fordeling av tilskot
Tabellen under viser fylkesvis fordeling av det ekstraordinære tilskotet. 750 millionar er fordelt etter ein kostnadsnøkkel for fylkesveg i inntektssystemet, og 250 millionar er fordelt med eit likt beløp per innbyggjar. Pengane vil bli utbetalt til fylkeskommunane som ein del av den ordinære terminutbetalinga av rammetilskotet 3. juli.
|
Fylkeskommune |
Økt rammetilskot fylkesvegar, 2026 |
|
(mill. kr) |
|
|
Oslo |
52,2 |
|
Rogaland |
75,0 |
|
Møre og Romsdal |
68,4 |
|
Nordland |
71,7 |
|
Østfold |
42,1 |
|
Akershus |
83,3 |
|
Buskerud |
42,6 |
|
Innlandet |
98,1 |
|
Vestfold |
37,9 |
|
Telemark |
34,0 |
|
Agder |
68,3 |
|
Vestland |
141,2 |
|
Trøndelag |
106,1 |
|
Troms |
52,6 |
|
Finnmark |
26,4 |
|
Sum |
1000,0 |