På veg mot 11 månaders studiestøtte

Regjeringa held fram med satsinga på å betre økonomien til studentane. Våren 2017 vil heiltidsstudentar få 2 600 kroner meir i studiestøtte når regjeringa startar opptrappinga si til 11 månaders studiestøtte. Regjeringa vil også i 2017 gi tilskott til 2 200 studentbustader.

– Skal vi lykkast med omstillinga av norsk økonomi, må vi utdanne arbeidstakarar i verdsklasse. Sosial eller økonomisk bakgrunn skal ikkje stå i vegen for at unge menneske skal få høve til å utdanne seg, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Utvidar studiestøttetida

I dag får studentar studiestøtte i ti månader. Regjeringas forslag til statsbudsjett for 2017 inneber at perioden for studiestøtte i inneverande studieår blir utvida med ei veke. Når opptrappinga er fullført i studieåret 2019–20, vil heiltidsstudentar få ei årleg støtte som ligg 10 prosent over dagens nivå.

– Nå startar vi opptrappinga til 11 månaders studiestøtte, som vi blei einige med KrF og Venstre om i 2016. Denne utvidinga i studiestøtta vil gjere det enklare å vere student på heiltid, seier kunnskapsministeren.

Kostnaden ved å innføre 11 månaders studietøtte i 2020 er berekna til 600 millionar kroner.

I dei tre føregåande statsbudsjetta auka regjeringa studiestøtta utover prisveksten, slik at den årlege studiestøtta i dag er om lag 3 400 kroner høgre enn om ho berre hadde blitt prisjustert, slik ho blei under den raudgrøne regjeringa.

Tilskott til nye 2 200 studentbustader

Regjeringa ønsker å halde fram med satsinga på studentbustader, og foreslår å sette av midlar til 2 200 studentbustader også i 2017. Regjeringa gav tilsegn om tilskott til 2 200 bustader både i 2016 og 2015. Det er meir enn dobbelt så mykje som det årlege snittet under dei raudgrøne.

 – Det blir nå satsa meir på studentbustader enn under noka anna regjering i dei siste 25 åra. Saman med utvida studiestøtte er fleire rimelege bustader for studentar viktige grep som vil styrke økonomien og kjøpekrafta til studentane, seier Røe Isaksen.