Pasienttilpassa basistilskot blir innført 1. mai

Frå i dag blir finansieringa av fastlegeordninga endra. Det skal bidra til betre tilgjengelegheit og at pasientane med størst behov får betre oppfølging frå fastlegen sin.

– Innbyggarane skal vere sikre på at dei har ein fastlege å gå til. Vi har derfor ei historisk satsing på fastlegeordninga i statsbudsjettet, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

– Samtidig styrkar og endrar vi basistilskotet frå 1. mai. Det gjer vi for at pasientar med stort behov skal få betre oppfølging. Det skal også bidra til at fastlegar skal få moglegheit til å følge opp pasientane sine på ein god måte utan altfor lange arbeidsdagar.

Fast tilskot for kvar pasient

Før 1. mai har fastlegar fått eit fast tilskot for kvar pasient som dei har på lista si uavhengig av pasienten sitt helsebehov.

No blir det også innført ein ny måte å berekne tilskotet på. Pasienttilpassa basistilskot inneber at tilskotet som følger med kvar pasient avhenger av innbyggaren sitt behov for tenester.

Det vil seie at legar som mellom anna har mange eldre innbyggarar, kvinner og innbyggarar på lista frå ein kommune eller bydel med lågt utdanningsnivå, får meir pengar.

Tilskot heng saman med helsetilstand

Legane får også meir pengar for pasientar med ein helsetilstand som er meir krevjande, eller når pasientane bur i mindre sentrale kommunar.

– Endringane inneber at legar med pasientar med store behov kan velje å ha færre pasientar på lista si. Då får dei betre tid til å ta seg av pasientane sine på ein god måte, fortel Kjerkol.  

– Det gir dei også høve til å tilsette meir personell for å sikre god oppfølging av dei som treng det mest. Samtidig vil fastlegane få større moglegheit til å kombinere legelivet med familietid og fritid. Det veit vi er svært viktig for mange.

Eitt av fleire tiltak

Regjeringa har nyleg mottatt rapporten frå ekspertutvalet som har gjennomgått allmennlegetenesta, og omlegginga av basistilskotet (helfo.no) er eitt av fleire tiltak for å sikre ei berekraftig fastlegeordning på sikt.

– Eg er glad for at ekspertutvalet vurderer at innretninga av pasienttilpassa basistilskot er eit godt utgangspunkt for ytterlegare endringar i finansieringa, seier Kjerkol.

– Ei framtidsretta allmennlegeteneste

– Framover vil vi også sjå på nye og andre tiltak som utvalet har føreslått for å utvikle ei framtidsretta allmennlegeteneste.

Ekspertutvalet sin rapport blir følgt opp i det vidare arbeidet med statsbudsjettet for 2024, i Nasjonal helse- og samhandlingsplan og i stortingsmeldinga om akuttmedisinske tenester.