– Kjæledyra våre er heilt avhengige av at me gjev dei godt stell og omtanke året rundt. Det gjeld også på sommaren når temperaturen stig. Hugs å gje dei nok vatn og skugge, slik at også dei firbeinte held seg avkjølte, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).

Varmen er ikkje alltid like behageleg for kjæledyra våre. Dei er meir utsette for overoppheting enn det me menneskjer er. Når sola steikjer som mest, blir asfalten veldig varm. Dette kan skade potane til hundar. For å unngå dette, bør ein unngå å gå turar når det er som varmast på dagen. Eit alternativ er å bruke potesokkar, eller å velje skogen som turalternativ. Ein kan også ta med hunden på tur til ein stad med vatn, slik at hunden kan vere i aktivitet, men samstundes kunne halde seg avkjølt.

Hugs også å sjå til at dyra har tilgang til vatn. Skal du ut på en litt lengre tur, bør du alltid ta med ei ekstra flaske vatn til hunden og ei skål som han kan drikke av. Hundar sveittar ikkje på same måte som menneskjer, og blir derfor raskt varme. I verste fall kan han få heteslag.

På sommaren kan bilen bli veldig varm, og særleg om han står parkert i sola. Sjølv om du berre skal ut på eit kjapt ærend, kan det vere betre å la hunden bli att heime enn å ha han med i bilen. Om du må ta hunden med og forlate han i bilen, sjå til å parkere i skuggen og ha vindauga opne. Det gjer at det blir god ventilasjon i bilen. Hugs også at sola flyttar på seg i løpet av dagen. Blir kroppstemperaturen til hunden for høg, kan han få alvorlege skadar i hjernen, hjartet, tarmane, levra og nyrene. Om du ser ein hund som sit innesperra i ein varm bil, og du ikkje finn eigaren, bør du ta kontakt med politiet.

På nettstaden til Mattilsynet kan du lese meir om kva du kan gjere for å passe på at også hunden din har det fint dei varmaste dagane på sommaren.