Per Olav Skurdal Hopsø er ny statssekretær

Per Olav Skurdal Hopsø kjem frå Melhus og har fram til no vore gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Trønderlag fylkeskommune.

Hopsø ble fredag i statsråd utnemnt til ny statssekretær for arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

– Eg gler meg veldig til å få jobba med eit felt som betyr mykje for så mange. At alle som skal ha ein jobb i eit trygt og godt arbeidsliv er noko av det viktigaste vi som politikarar skal bidra til, seier Hopsø.

Nye moglegheiter

Hopsø er utdanna laborant med fagbrev i laboratoriefaget og har seinare tatt ein bachelor ved NTNU.

Han har før han vart folkevalt på heiltid jobba han som lærling og ingeniør ved Veterinærinstituttet i Trondheim i fire år, ungdomssekretær, distriktriktssekretær og rådgivar i LO i Sør-Trønderlag og ein kort periode ved Arbeiderpartiets kontor på Youngstorget.

– Eg skal bidra så godt eg kan saman med ein veldig dyktig statsråd i Tonje Brenna, som eg verkeleg ser fram til å jobbe for, seier Hopsø.

Per Olav Skurdal Hopsø er ny statssekretær i arbeids- og inkluderingsdepartementet
Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet