Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2018:

Pilot med primærhelseteam

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Primærhelseteam skal vere ei tverrfaglig gruppe som skal arbeide saman for å gi helse- og omsorgstenester til innbyggarane på fastlegen si liste. Kjernen i teamet består av ein fastlege saman med sjukepleiar og helsesekretær.

- Ved å legge til rette for meir teamarbeid og nye arbeidsmåtar kan vi utnytte ressursane i helse- og omsorgstenesta betre. Fastlegen får fleire å dele oppgåvene med, og pasientane vil få eit betre og meir koordinert tilbod, seier Høie. 

Piloten med primærhelseteam startar våren 2018 og vil vare i tre år. Det skal veljast ut seks interesserte kommunar med til saman 80 fastlegar. Det skal prøvast ut to ulike modellar for finansiering av teamet sine tenester, ein basert på dagens honorarmodell (stykkprisfinansiering) og ein på eit samla driftstilskot.

Honorarmodellen for fastlegane vert vidareført, men med tilpassingar slik at det er takstar også for arbeid utført av sjukepleiar. Modellen med driftstilskot er ei rammefinansiering av tenestetilbodet. Talet på personar teamet har på lista vil danne grunnlaget for størrelsen på driftstilskotet. Tilskotet vert vekta ut frå den forventa bruken av tenester hos den enkelte. Vektinga er basert på objektive kriterium, som for eksempel alder og kjønn. I denne ­modellen får primærhelseteamet også eit tilskot basert på oppnådde kvalitetsmål. I begge modellane skal pasientane betale ein eigenandel tilsvarande det dei betaler i dag.

Helsedirektoratet vil ha ansvar for å følge opp ordninga. Forsøket skal evaluerast for å sjå om tiltaket gir eit betre tilbod til innbyggarane.

Det vert foreslått å bevilge 55 millionar kroner til piloten i 2018.