Historisk arkiv

Politisk tillit i krisetider

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

I Noreg har vi høg tillit til politikarane våre og dei politiske institusjonane samanlikna med andre land. Ein ny rapport viser likevel at den politiske tilliten varierer mykje mellom ulike grupper, og at tilliten fell mest i grupper som frå før har låg tillit. – Tillit kjem ikkje av seg sjølv. Det er eit arbeid som krev kontinuerleg innsats, og kanskje spesielt i den situasjonen vi er i no, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Dersom folk skal engasjere seg å delta i og mellom val, må lokaldemokratiet fungere på ein måte som tek omsyn til både eigne interesser, men også lokalsamfunnet sine interesser. Det viser ein ny rapport, som ser på samanhengen mellom demokrati, tillit og politisk ulikheit.

Enkeltpolitikarar vil kome og gå, basert på tilliten til veljarane. Slik skal demokratiet fungere. Det er derimot eit dårleg teikn dersom innbyggjarane ikkje har tillit til at dei politiske institusjonane fungerer på ein rettferdig og god måte. Undersøkinga viser at veljarane også er opptekne av prosess, ikkje berre at politiske avgjerder er i tråd med eigne interesser.

– At folk er kritiske til måten dei demokratiske institusjonane våre fungerer på, er eit sunnheitsteikn. Det er bra at folk er opptekne av at demokratiske prinsipp blir følgt, også når dei går mot eigne interesser, seier Astrup.

Rapporten viser ein tendens til at det har blitt større avstand i politisk tillit mellom grupper som har høg tillit til politiske institusjonar og grupper som frå før har låg tillit.

− Utviklinga uroar meg. Vi må no sjå på korleis vi best kan motverke dette. Rapporten er nyttig fordi han ikkje berre dokumenterer ei utvikling, han gir også ein peikepinn på kvar vi bør setje inn tiltak. Eg vil lese grundig gjennom rapporten og vurdere moglege tiltak, seier statsråden.

Til slutt i rapporten drøftar forskarane korleis koronapandemien kan påverke innbyggjarane sin tillit til styresmaktene, og kva politisk tillit har å seie for korleis krisetiltaka blir gjennomførte.

Rapporten "Det norske lokaldemokratiets legitimitet – tillit, deltakelse og ulikhet", er siste rapport i eit større forskingsprosjekt som departementet har bestilt. Institutt for samfunnsforsking og NORCE Norwegian Research Centre står bak rapporten.

Forskarane presenterer rapporten klokka 11.30 tysdag. Du kan se presentasjonen her.


Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00