Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Positive til forsøk med meir fleksibel arbeidstid

Både arbeidsgivarar og arbeidstakarar er positive etter å ha delteke i eit forsøk med utvida fleksitid. No vil dei behalde ordninga, viser ny rapport.

– Fleksitidsavtala gir fleksibilitet som synest å komme både arbeidsgivarar og arbeidstakarar til gode, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Frå 1. januar 2018 blei det gjort endringar i særavtalen for fleksibel arbeidstid i staten. Den nye avtalen, som var ei prøveordning, utvida rammene for når dei tilsette kunne jobbe frå klokka 07.00-20.00 til klokka 06.00-21.00. Talet på plusstimar som kan overførast frå eit år til eit anna blei økt frå 45 til 50 timar. I tillegg blei det gjort enkelte andre endringar som skulle sikre at dei tilsette fekk avvikla plusstida dei har tent opp.

Fafo har på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet evaluert kva konsekvensar endringane har hatt. Rapporten viser at både arbeidsgivarar, tillitsvalde og tilsette i det store og heile er nøgde med ordninga, og ynskjer å behalde den framover.

Ulike orsaker

– Det er mange orsakar til at folk vel å nytte dei nye yttergrensene som dette forsøket har opna for. For nokre handlar det om å arbeide meir i krevjande arbeidsperiodar og avspasere når det er mindre å gjere på jobb. For andre handlar det om å få kvardagen til å gå opp med born og reiseveg til jobben. Evalueringa viser at folk ynskjer fleksibilitet, og ser på dette som eit gode, seier Astrup.

Evalueringa viser at arbeidsgivarane i liten grad legg press på dei tilsette for å nytte yttergrensene av avtala.

– Eg er glad for at leiarane ser ut til å respektere intensjonen med avtalen, som er meir fleksibilitet – ikkje at folk skal jobbe meir, seier Astrup.

Her er hovudfunna i rapporten:

  • Dei som nytter dei nye yttergrensene gjer det i hovudsak nokre gongar i månaden eller skjeldnare.
  • Årsaka til å nytte yttergrensene er mangslungne, som å jobbe meir i krevjande arbeidsperiodar og tilpasse omsorgsoppgåve for born.  Det er også utbreitt å nytte fleksitid for å kunne avspasere heile dagar.
  • I dei flest tilfella er det uproblematisk for tilsette å avtale uttak av opparbeidt plusstid med leiarane sine.
  • Før prøveordninga var det fleire som jobba utanfor rammene av den ytre arbeidstida. No kan dei gjere det lovleg.
  • Det er lite som tyder på at tilsette arbeider meir enn tidlegare, utan at dette blir rekna som overtid.
  • Mange nyt godt av å kunne overføre 5 timer ekstra til det påfølgande året, men det er lite som tyder på at dei tilsette opparbeider seg meir plusstid enn tidlegare.

Kortare kviletid

Rapporten viser også at ein betydeleg del av dei tilsette har kortare kviletid mellom to arbeidsøkter enn lova krev. Dette var eit problem også før prøveordninga blei innført, og har berre økt for eit lite mindretal i prøvetida. Dette tyder på at problemet er der uavhengig av utvidinga, og truleg har samanheng med at dei tilsette kan jobbe utanfor ramma og likevel få det registrert som arbeidstid. 

– Det er viktig at leiarane syter til at dei tilsette får nok kviletid, og at desse reglane også blir følgt, seier Astrup.  

Les rapporten her.