Invitasjon
Klima- og miljøministeren presenterer Grøn bok
Nyheit | Dato: 13.10.2025 | Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen går gjennom regjeringas Klimastatus og -plan, også kjent som Grøn bok.
Det er fjerde gong regjeringa legg fram Klimastatus- og plan, også kalla Grøn bok, i samband med statsbudsjettet. Grøn bok viser mellom anna korleis me ligg an til å nå klimamåla under Parisavtalen og regjeringa sin plan for å nå måla.
Klima- og miljøministeren vil mellom anna seia noko om status for klimapolitikken, korleis regjeringa følgjer opp planen frå i fjor, nye tiltak i budsjettet og korleis regjeringa skal styrkja klimapolitikken framover.
Du kan og følgje presentasjonen på nett-TV på denne sida.
Tid: Onsdag 15. oktober kl. 14.30
Stad: Marmorhallen i Klima- og miljødepartementets lokale, Kongens gate 20, Oslo.
Påmelding for dei som ønsker å vere fysisk til stades her innan onsdag kl 10:00:
Besøkjande må ha gyldig ID som nasjonalt ID-kort, førarkort eller pass. Bankkort med bilete eller digitalt førarkort blir ikkje godteke.
Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa(DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.