Presseinvitasjon:
Fellesskuleutvalet legg fram utgreiing om framtida til fellesskulen
Pressemelding | Dato: 06.08.2026 | Kunnskapsdepartementet
Kva slags skule treng vi i framtida? Tysdag 11. august overleverer Fellesskuleutvalet sluttrapporten Fellesskolen – bærebjelken i fremtidens samfunn, til kunnskapsministeren.
På grunn av fallande resultat i skulen og store samfunnsendringar dei siste åra, sette regjeringa hausten 2024 ned eit offentleg utval som skal foreslå nødvendige grep for at norsk skule i større grad svarer på utfordringane i notida og framtida. Utvalet er leia av tidlegare statssekretær for Høgre, direktør Bjørn Haugstad og er breitt samansett med medlemmer frå mellom anna forskingssektoren, politiet, idretten og kommunane.
Tid: Tysdag 11. august kl. 10.00
Stad: Store Torungen, Arendal kultur- og rådhus, Sam Eydes plass 2, 4836 Arendal.
Utvalsleiar Haugstad presenterer rapporten til utvalet og overleverer utgreiinga til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Etter overleveringa blir det ein panelsamtale med kunnskapsminister Nordtun, utvalsleiar Haugstad, stortingsrepresentant Mathilde Tybring Gjedde (H), stortingsrepresentant Simen Velle (FrP), leiar av Utdanningsforbundet Geir Røsvoll, og kommentator i VG Shazia Majid.
Det blir høve til eigne intervju for pressa etter arrangementet.
Journalistar bør møte opp i god tid. Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Martin Siewartz Nielsen, martin-siewartz.nielsen@kd.dep.no / 911 59 317.
Strøyming
Arrangementet blir filma av Arendalsuka i samarbeid med Departementas digitaliseringsorganisasjon (DIO) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan videofila òg lastast ned i etterkant. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@ddio.dep.no.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på eigne nettsider, finn innbyggingskode ved å trykkje på knappen «Del video» i videospelaren på sida.