Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Jobbar med ny romstrategi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Norsk teknologi når heilt til Mars. Nå ber romminister Monica Mæland om innspel til korleis vi kan styrke og utvikle romindustrien i åra framover.

- Det som skjer i verdsrommet påverkar kvardagen vår i stadig større grad. Satellittar sørger for å gje oss alt frå pålitelege vêrvarsel, til å overvake skred og avdekke oljesøl, seier næringsminister Monica Mæland.

Nærings- og fiskeridepartementet jobbar med ein ny romstrategi. Torsdag inviterer Mæland til eit innspelsmøte om den komande strategien.

- Romindustrien er viktig for Noreg. Norske bedrifter leverer teknologi i verdsklasse, og skapar verdiar og arbeidsplassar over heile landet. I romstrategien ønsker vi å stake ut kursen for norsk romindustri, seier Mæland.

I 2016 sette regjeringa av om lag ein milliard norske kroner over statsbudsjettet for å støtte norsk og europeisk romsatsing. Kvart år omset norske rombedrifter varer og tenester for nær 8 milliardar kroner. Rundt 70 prosent av dette blir eksportert. 

I tillegg til møtet i Oslo var det eit innspelsmøte i Tromsø 28.april, og det skal vere eit i Stavanger 2. mai. Totalt vil over 50 ulike aktørar frå næringsliv, organisasjonar, forskingsmiljø og etatar gje innspel under dei tre møta.

Romstrategien skal etter planen presenterast hausten 2017.

  • Kva: Innspelsmøte om romstrategien. Møtet er opent for pressa.
  • Når: Torsdag 4. mai kl. 13:00-15:00
  • Kor: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongens gate 8, Oslo.