Presseinvitasjon:

Næringsministeren til Oslo, Akershus og Østfold

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Grøn energi, auka eksport og digitale løysingar er mellom anna tema når 12 bedrifter får besøk av næringsminister Jan Christian Vestre måndag 22. november.

Målet med reisa er å få innspel til kva næringslivet treng for å gjennomføre nye, innovative og grøne prosjekt.

Les òg: Skal møte 100 bedrifter på under 100 dager

–Vi må lytte til det pulserande næringslivet i Oslo, Akershus og Østfold for å få fart på den grøne omstillinga i Noreg. Regionen er eit senter for norsk innovasjon med mange spennande bedrifter som garantert har gode innspel i arbeidet med å føre ein aktiv næringspolitikk. Notatblokka mi ligg allereie klar i veska, så eg er både utolmodig og klar, seier Vestre.

Måndag skal næringsministeren mellom anna møte Foodora i Oslo, DNV i Bærum, Paxster i Sarpsborg og Nexand Langhus i Nordre Follo. Sjå fullstendig program under.

– Regjeringa skal bidra til å skape fleire jobbar i heile landet, styrke fastlandsinvesteringane, auke fastlandseksporten med 50 prosent og sørge for at reduserte klimagassar fører til grøn vekst. No ser eg fram til å møte eit breitt spekter av bedrifter, for å få innspel til korleis vi saman kan nå desse måla, seier næringsminister Jan Christian Vestre.


Praktisk informasjon:

Presse som vil dekke besøket kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Øyvinn Myge på 992 91 137 eller omy@nfd.dep.no

 

Program:

Kl. 07.45 | DNV, Bærum. Veritasveien 1

Kl. 08.35 |Asplan Viak, Bærum. Kjørboveien 20

Kl. 10.40 |Otovo, Oslo. Torggata 7

Kl. 11.30 |Startup Norway, Oslo. Chr. Krohgs gate 1

Kl. 12.15 |Foodora, Oslo. Waldemar Thranes gate 98

Kl. 13.05 |Working Group Two, Oslo.  Sommerrogata 17

Kl. 13.45 |AISPOT, Oslo. Bryggegata 3

Kl. 14.45 |Nexans Langhus, Nordre Follo. Regnbueveien 7

Kl. 15.45 |Maskineriet AS, Moss. Dronningens gate 13

Kl. 16.55 |Solid Entreprenør, Rolvsøy. Bjørnengveien 11

Kl. 18.00 |Paxster, Sarpsborg. Bredmyra 3

Kl. 18.55 |Borregaard, Sarpsborg. Hjalmar Wessels vei 6