Presseinvitasjon: Samferdselsministeren tar i mot ekstern rapport om driftsstansen på Follobanen

Vi inviterer til pressetreff måndag 26. juni i samband med at samferdselsminister Jon-Ivar Nygård får overlevert ei ekstern evaluering av stenginga av Follobanen frå Implement Consulting Group AS og deira underleverandør Advokatfirmaet Schjødt AS.

Nett-tv Samferdselsministeren tar imot ekstern rapport om Follobanen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Stad: Auditoriet, R5, Akersgata 59, Oslo – og digitalt 

Tidspunkt: Måndag 26. juni kl. 09.30

På pressetreffet kjem Implement Consulting Group til å presentere rapporten, før samferdselsminister Jon-Ivar Nygård svarer på spørsmål.  

Journalistar og fotografar som ønskjer å vere til stades på pressetreffet, må på førehand melde seg på via pressekontakt Edvard Andersen, Kommunikasjonseininga, Samferdselsdepartementet, e-post: edvard.andersen@sd.dep.no, mobil: 90511667. 

Det vil også vere mogleg å følgje pressetreffet digitalt. Journalistar som ønskjer å stille spørsmål til samferdselsministeren, kan sende dei til pressekontakt Andersen.   

Om sendinga
Pressekonferansen blir strøyma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.