Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) besøkjer Kristiansand og Iveland fredag 17. april. Ho skal mellom anna delta på Fornybar Noregs årskonferanse i Kristiansand og besøkje basestasjonar i Iveland kommune som har fått utvida reservestrømskapasitet ved utfall.

Media er velkomne til å ta del i programmet:

08.30: Statsråden deltek på Fornybar Noregs årskonferanse.
Tema for vitjinga er mellom anna kunstig intelligens, datasenter, energibruk, digital tryggleik og digitale sårbarheiter.
Stad: Radisson Blu Caledonien Hotel, Kristiansand.

11.50: Statsråden besøkjer Iveland kommune.
Saman med ordføraren, representantar frå Nkom og lokale aktørar skal ho besøkje Telenor- og Telia-basestasjonar med forsterka ekomberedskap.
Stad: Telenor- og Telia-basestasjonar i Iveland.

12.30: Statsråden besøkjer Iveland rådhus.
Tema for vitjinga er mellom anna tryggleik og beredskap.
Stad: Iveland rådhus.

Pressekontakt:

Kommunikasjonsrådgivar Oscar Henrik Biti Næss
E-post: ohbn@dfd.dep.no / mobil: 941 92 226