Pressekonferanse for barn om Ukraina
Pressemelding | Nr: 73/22 | Dato: 13.04.2022 | Statsministerens kontor, Kunnskapsdepartementet
Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Tonje Brenna inviterer til pressekonferanse for barn. Tema er krigen i Ukraina og ukrainske flyktningar som kjem til Noreg. Pressekonferansen er for journalistar i barne-media og ikkje open for journalistar frå vaksen-media.
Pressekonferanse for barn om Ukraina
![Sjå sendinga her](https://video.regjeringen.no/player24/data/video/d04113e7-94f5-436c-bfd1-0e1f5aabfaaa/thumbs/c506742b-759f-446f-9093-adf37cab77c3.png)
Sjå sendinga her
Stad: Riddervoldsgate 2
Tidspunkt: Onsdag 20. april klokka 12:00
Vi ber dei som skal delta om å sende ein e-post til ibm@smk.dep.no. Oppmøte for presse er frå klokka 11:15. Ta med gyldig pressekort og ID.
Pressekonferansen vert sendt direkte på www.regjeringa.no og er tilgjengeleg dersom fleire ønskjer å sende den. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanlig publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. Dei kan nå kontaktperson for dette på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no. Bilete til fri bruk vert i etterkant publisert på Flickr.
Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Martin B. Andersson, telefon 99 36 31 18, e-post maan@kd.dep.no.