Peder Kjøs overleverer rapport om psykisk helse til statsminister Erna Solberg

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Fredag klokka 12.35 overleverer Kjøs rapporten frå ekspertgruppa til statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Nett-tv Peder Kjøs overlever rapport om psykisk helse til statsminister Erna Solberg

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

 

Pandemien og tiltaka for å få ned smitten har ført til ekstra belastningar for mange mennesker. Mange har opplevd einsemd og isolasjon og mange er permittert eller har mista jobben.

Psykolog Peder Kjøs har leia ekspertgruppa som fekk i oppdrag å sjå på korleis pandemien har verka inn på innbyggjarane si psykisk helse og rusbruk, og koma med konkrete forslag på kor innsatsen bør styrkast for å møta desse utfordringane.

Fredag 30. april kl. 12.35 overleverer Kjøs rapporten frå ekspertgruppa til statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie. Helsedirektør Bjørn Guldvog vil også vere til stades. Overleveringa skjer på ein pressekonferanse på Statsministerens kontor.

Presse som ønskjer å vere til stades kan melde seg på til mo@smk.dep.no innan fredag 30. april kl. 09.00.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no. Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er Alexandra Reksten Tufteland, telefon: 98 63 51 15, e-post atu@hod.dep.no.

Me har avgrensa tal på plassar og ber kvar redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Me kan ikkje garantere at alle får plass, og føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.

Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ønskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmåla sine til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK3004 i emnefeltet. Innsendingsfrist fredag klokka 12.00. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.

Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 12.00. Ta med gyldig pressekort og ID. Munnbind er obligatorisk i Glacisgata. For å unngå kø i resepsjonen, må presse vente utanfor bygningen til det er ledig kapasitet for å registrere seg hjå vaktene i resepsjonen.

Berekn ekstra tid for sikkerheitskontroll av kamera og utstyr. Akkreditert presse vil bli vist til plassar/kameraposisjonar, og må halde seg på den posisjonen, med mindre anna blir avtalt.

Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode:

<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>