Nett-tv Pressekonferanse om havvind

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Torsdag 11. desember 2025 kl. 12.30 (oppmøte for presse frå kl. 12.00)

Stad: Presserommet i R6, Teatergata 9.

Påmelding: Presse må melde seg på ved å sende e-post til info@ed.dep.no innan torsdag 11. desember kl. 09.00.

Ta med pressekort og gyldig id.

Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressekonferansen kan sende inn spørsmål til info@ed.dep.no med teksten «Havvind» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressekonferansen.

Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa(DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no
 
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@ed.dep.no.