Pressekonferanse om PISA og besøk til Øraker skole

Kor gode er norske 15-åringar i naturfag, matematikk og lesing? Tysdag 6. desember blir resultata frå den siste PISA-undersøkinga offentleggjorde. Same dag besøker kunnskapsministeren Øraker skole i Oslo.

 

Nett-tv Offentleggjering av resultat frå PISA 2015

Se sendingen her

Se sendingen her

1100-1300: Offentleggjering av resultat frå PISA 2015

Stad: Universitetet i Oslo, Georg Sverdrups hus, auditorium 2.

Program:

  • Direktør i Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen,  fortel kort om kvifor Noreg er med i PISA.
  • Forskar Marit Kjærnsli frå Universitetet i Oslo legg fram hovudfunna frå PISA 2015.
  • Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kommenterer resultata.
  • Spørsmål frå salen i plenum.
  • Separate intervju med pressa.

Pressekonferansen blir også sendt direkte.

1300-1630: Fagseminar om PISA og TIMSS

Stad: Universitetet i Oslo, Georg Sverdrups hus, auditorium 1. Journalistar er velkomne til å delta.

Kontakt: Utdanningsdirektoratet: Marianne Nordengen, tlf. 90765748, mno@udir.no.

1330-1400: Besøk til Øraker skole

Stad: Øraker skole, Lilleakerveien 60, 0284 Oslo.

Kontakt: Kunnskapsdepartementet: Anbjørg Bakken, tlf. 99009260, anb@kd.dep.no.

Program: Kunnskapsministeren møter elevar frå 8. og 10. trinn som har naturfagundervising. Det blir høve til fotografering.

Øraker skole er ein av to skolar i Oslo som deltek i prosjektet Utforskande undervising i naturfag på ungdomstrinnet, i regi av Naturfagsenteret.

Fakta om PISA-undersøkinga

  • PISA (Programme for International Student Asessment) måler kompetansane til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag.
  • Undersøkinga gir også informasjon om andre forhold ved skolen, til dømes om elevane sine interesser og haldningar til faget og deira oppfatningar om undervising og skolemiljø.
  • PISA-undersøkinga blir gjennomført kvart tredje år. Alle tre fagområda er med kvar gong, men dei bytter på å vere hovudområde. Naturfag er hovudområde i PISA 2015.
  • Undersøkinga er eit samarbeid mellom medlemslanda i OECD (Organisation for Economic Co-operation and Development).
  • 510 000 elevar frå 65 land er med i PISA. Frå Noreg deltek om lag 4700 elever frå 198 skoler.