Rapport om verdikjeden for norske filmar og seriar

På oppdrag av Kulturdepartementet har Menon Economics i samarbeid med Handelshøyskolen BI Centre for Creative Industries (BI:CCI) kartlagt korleis overgangen frå analog til digital distribusjon av filmar og seriar har endra marknaden og verdikjedene for sal av filmer og serier i Noreg.

Kulturminister Trine Skei Grande og prosjektleiar Terje Gaustad.
Kulturminister Trine Skei Grande mottok rapporten frå prosjektleiar Terje Gaustad. Foto: Wenche Nybo/Kulturdepartementet

- Regjeringa er opptatt av å leggje til rette for produksjon av norske filmar og seriar av høg kvalitet. Digitalisering og nye tenester har ført til store endringar i mediemarknaden. Difor er det viktig å ha kunnskap om korleis marknadsendringane påverker finansiering og produksjon av norske filmar og seriar. No skal rapporten på brei høyring, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Rapporten "Utredning av pengestrømmene i verdikjeden for norske filmer og serier" (.pdf)

Til toppen