– Det er bra at vi no har fått ein ekstern rapport av fordelar og ulemper med Helseplattforma. Rapporten må følgast opp av Helse Midt-Norge RHF og dei aktuelle kommunane for å sikre betre samhandling, auka brukarvennlegheit og at det er eit godt arbeidsverktøy for dei tilsette, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Fordelar og ulemper

Av ulemper viser rapporten mellom anna til låg brukarvennlegheit og at dette har hatt ein negativ verknad på effektiviteten til helsepersonell hjå sjukehusa. Rapporten viser også til store investerings- og driftskostnader og utfordringar knytt til legemiddelmodulen.

– Tilsette har i lengre tid tatt opp utfordringar med brukarvennlegheit og effektivitet. Regjeringa har derfor løyva eigne midlar for å betre brukarvennlegheita og det er viktig at dette arbeidet har høg prioritet og rask framdrift, seier Vestre.

Analysen av fordelane viser at Helseplattforma har betra samhandlinga mellom sjukehus og kommunar ved å forenkle tilgangen til oppdatert og relevant informasjon om pasienten. I rapporten blir det vist til færre reinnleggingar som konsekvens. Vidare viser rapporten til at heimetenestene i fleire kommunar opplev ei positiv utvikling i effektivitet.

– Når stadig fleire får helsehjelp frå forskjellige nivå av helsetenestene er det viktig at vi har journalsystem som snakkar saman på tvers. Det er gledeleg å lese at heimetenestene i kommunane opplev ei positiv utvikling i effektivitet gjennom tilgang på oppdatert og relevant informasjon, og at det nye systemet har bidratt til færre reinnleggingar, seier Vestre.

Vil følge opp løyving

– Gode journal- og samhandlingsverktøy er heilt nødvendig for at vår felles helseteneste skal fungere. Etter at avgjerda om Helseplattforma blei tatt, har regjeringa vore opptatt av at innføringa skal gå så bra som mogleg, seier Vestre.

Det har mellom anna blitt stilt krav til Helse Midt-Norge RHF om oppfølging og betring av systemet både i føretaksmøte i oktober 2023 og desember 2024. I samband med nysalderinga i fjor foreslo regjeringa ei ekstra løyving på 200 millionar til å betre brukarvennlegheita i Helseplattforma.

– Eg vil følge med på korleis Helse Midt-Norge RHF følger opp dette, og eg er opptatt at dei løyser utfordringane med låg brukarvennlegheit. Rapporten viser at det har påverka effektivitet til helsepersonell i innføringa, noko eg har stor forståing for at er krevjande, seier Vestre.

Stortinget blir orientert om rapporten når statsbudsjettet for 2026 blir debattert om kort tid. Den skriftlege orienteringa skjer i revidert nasjonalbudsjett våren 2026.