Historisk arkiv

Raskare framdrift i togtrafikkpakkane: Jernbanedirektoratet kunngjer konkurransen om Trafikkpakke 4 allereie no

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Erfaringane frå dei to fyrste konkurransane om trafikken på Sørlandsbanen og på strekningane i nord, er gode. Togtilbodet blir minst like bra som i dag, samstundes som staten skal bruke vesentleg mindre skattepengar på å kjøpe togtilbod enn før. Det er difor all grunn til å halde god framdrift i konkurransane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Jernbanedirektoratet har orientert Samferdselsdepartementet om at dei har offentleggjort trafikkpakke 4 for konkurranse i dag. Trafikkpakken omfattar fleira av togtilboda i Austlandsområdet og inneheld følgjande strekningar:

  • L1 (Spikkestad – Lillestrøm)
  • L 2 (Stabekk – Ski)
  • L21 (Stabekk – Moss)
  • L22 (Skøyen – Mysen)
  • R20 (Oslo S-Halden)
  • L3 (Oslo S – Jaren)
  • R30 (Oslo S – Gjøvik)

Eit krav i regelverket er at direktoratet kunngjer konkurransen seinast 12 månadar før direktoratet sender ut grunnlaget for konkurransen. For å halde tempoet oppe og for å gi seg sjølve meir fleksibilitet tidsmessig og samstundes gje tilbydarane betre tid, vel direktoratet å offentleggjere kommande trafikkpakker for konkurranse i dag. Tildeling av kontrakt for trafikkpakke 4 vil etter planen finne stad før hausten 2021. Trafikkstart er sett til desember 2022, samstundes med opninga av Follobanen.  

Fordel med betre tid
Trafikkpakke 4 er stor og inneheld eit omfattande togtilbod. Det er mellom anna planlagt å leggje om rutetilbodet på Østfoldbanen i samband med opninga av Follobanen i desember 2022. Dette vil krevje auka ressursinnsats i form av fleire tog og rekruttering av togpersonell.

Tilbydarar i Trafikkpakke 1: Sør og Trafikkpakke 2: Nord, har i tilbakemelding til direktoratet gitt uttrykk for at tida frå tildeling til oppstart har vore knapp i dei fyrste trafikkpakkane, og at det er ein fordel for vinnande togoperatør om oppstartsperioden er lengre enn eitt år. Det er hovudårsaka til at jernbanedirektoratet kunngjer konkurransen om trafikkpakke 4 allereie no. Forlenging av perioden før trafikkstart kan gjere at fleire togselskap vil delta i konkurransen om trafikkpakka.  

Tek atterhald om budsjettbehandling i Stortinget
Regjeringa vil leggje fram planar for dei komande  trafikkpakkene i statsbudsjettet for 2020. Direktoratet vil oppdatere kunngjeringa dersom det er behov for dette etter Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2020.