Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa aukar løyvingar til opprydding av atomavfall

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 691 millioner kroner til opprydding av norsk atomavfall. Det er ein auke frå 2020 på 95 millionar kroner.

- Alle dei norske forskningsreaktorarne er no stengde, men vi har atomavfall som må handterast for å unngå skadar på menneske og miljø i ein million år framover. No er vi i ein fase der dei prioriterte oppgåvene er planlegging av opprydding og sikker drift av anlegga i nedstengt tilstand, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa foreslår å løyve 292 millionar kroner til Norsk nukleær dekommisjonering. Av dette går 45 millionar kroner til drift av etaten og 247 millionar kroner til planlegging og utgreiingar.

Regjeringa foreslår å gi eit tilskot på 349 millionar kroner til Institutt for energiteknikk (IFE). 314 millioner kroner skal gå drift og førebuingar til dekommisjonering av atomanlegga, vakthald og beredskap, og 35 millionar kroner skal gå til gjere ferdig den fysisk sikringa av atomanlegga. Regjeringa foreslår også at IFE får tilbod om eit lån på 40 millionar kroner for å finansiere kostnader til flytting av laboratorium og infrastruktur frå det nukleære området på Kjeller.

Nærings- og fiskeridepartementet vil bruke 10 millioner kroner til eige utgreiingsarbeid.

I tillegg til 691 millionar kroner til oppryddinga foreslår regjeringa eit tilskot på 21 milionar kroner for å vidareføre Haldenprosjektet for ein ny treårsperiode 2021-2023. 

- Fordi oppryddinga er komplisert, kostnadskrevjande og vil pågå i mange tiår, vil regjeringa i løpet av hausten 2020 leggje fram ei melding til Stortinget om arbeidet, seier næringsminister Nybø.