Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa foreslår å auke insentivordninga til 100 millionar kroner

Regjeringa foreslår å auke tilsegnsfullmakta til nye prosjekt under insentivordninga for film- og serieproduksjonar innanfor ei samla ramme på 100 millionar kroner. Norsk filminstitutt vil lyse ut midla i ein ny søknadsrunde i 2021.

Søknadsmassen til insentivordninga i 2021 utgjorde meir enn fire gonger den disponible ramma for ordninga. Heile ramma blei tildelt ein og same produksjon. Forslaget inneber at ramma for ordninga i 2021 aukar frå 68,6 millionar kroner til 100 millionar kroner.

– Utvidinga av ramma som regjeringa no foreslår, vil gi fleire produksjonar tilgang til ordninga, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Filminsentivordninga refunderer 25 prosent av dokumenterte og godkjende kostnader i Noreg. Filmar som får tilsegn, må leggje att minst fire gonger tilskotet i Noreg.

Det er fem år sidan insentivordninga blei etablert. I budsjettforslaget for 2021 varsla departementet ei evaluering av ordninga, og Norsk filminstitutt er med bistand frå ein ekstern konsulent i ferd med å sluttføre ei evaluering. Regjeringa meiner at ei langsiktig innretning av ordninga bør vere kunnskapsbasert og vil kome tilbake til dette i budsjettproposisjonen for 2022, når evalueringa er ferdig.

Fleirtalet på Stortinget har lagt fram eit oppmodingsvedtak som føreset at regjeringa går gjennom insentivordninga og kjem tilbake i revidert nasjonalbudsjett med eit forslag til styrking av ordninga.