Regjeringa er opptatt av å halde eigenbetalingane på eit lågt nivå. Vi skal ha ordningar som er gode og rettferdige, samtidig som dei gir handlingsrom for vår felles helseteneste. Derfor gjer vi justeringar og prioriteringar på eigenandelsområdet, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Mellom anna foreslår regjeringa at 16- og 17-åringar skal sleppe å betale eigenandel hjå fastlege og på legevakt frå 1. august 2026.

– Vi må unngå at 16- og 17- åringane lar vere å oppsøke fastlege og legevakt på grunn av økonomi. Det er viktig at ungdom oppsøker lege tidleg når symptom oppstår, slik at dei raskt kan få hjelp og starte på eventuell behandling, seier Vestre.

I tillegg foreslår regjeringa at eigenbetalinga blir prisjustert ved å auke eigenandelstaket med 128 kroner, til totalt 3406 kroner i 2026.

Eigenandelen i spesialisthelsetenesta blir auka med 40 kroner. Fordi eigenandelen i spesialisthelsetenesta aukar, aukar også ikkje-møtt gebyret.